Agnes Ravatn: Verda er ein skandale
Arrangementsinformasjon
Etter eit hektisk tiår i hovudstaden tok Agnes Ravatn familien med seg frå Frogner og flytta til den vesle vestlandsbygda Valevåg. Det resulterte i den kritkarroste essaysamlinga Verda er ein skandale. Til hausten er ho aktuell med romanen Dei sju dørene, ein thriller i same stil som den prisbelønna Fugletribunalet.
Agnes Ravatn samtalar om forfattarskapen og livet på landet med forfattar Peter Strassegger.
I samarbeid med Time bibliotek og Mellombels Ølstove.